Om Hove Takst & Byggrådgiving

Hove Takst & Byggrådgiving AS er etablert av Dag Henning Hove – byggmeister og takstmann med over 40 års erfaring frå byggebransjen.

Firmaet held til i Sogndal og spesialiserer seg på takstoppdrag, byggesaker, uavhengig kontroll og rådgiving innan byggfaget.

Treng du ein erfaren takstmann, eller nokon som trygt kan handtere byggesøknaden din? Hove Takst & Byggrådgiving er ein påliteleg samarbeidspartnar med solid fagleg kompetanse og lokal forankring.

Oppdrag i heile Sogn og omegn


Med lokal forankring og solid fagkompetanse tilbyr Hove Takst tenester over heile Sogn. Vi leverer grundige og pålitelege vurderingar til rett tid og pris – enten du bur i Sogndal, Luster, Aurland, Lærdal, Årdal eller nærliggjande område.